En landevei strekker seg gjennom landskapet, i bakgrunnen går sola ned bak et fjell. Foto: Øivind Haug

Kva skjer med Vestsidevegen?

Spørsmål i Plan- og miljøutvalet

Plan og miljø har hatt sitt første utvalsmøte. Der stilte Silje Ulveseth (Ap) spørsmål knytt til Vestsidevegen:

I forprosjektet til Vestland fylkeskommune foreslår dei minimumsløsninga, som er å bygge gang- og sykkelveg (prinsipp 1). «Løysinga er kostnadsrekna til mellom 55 og 126 mill. kr. Fylkeskommunen påpeiker at dette vil kunne «låse» den låge vegstandarden på Vestsidevegen i lang tid, og i tillegg etablere ein situasjon som kan verte fordyrande for ei eventuell framtidig vegutbetring. Alternativet bør derfor vurderast opp mot behovet for betre vegstandard i eit lengre perspektiv, og kommunen si prioritering og ønskjer for arealutvikling.» I perioden 2027-2033 kan prosjektet Vestsidevegen bli aktuelt for oppstart i RTP. Men dei løysingane som er anbefalt av fylkeskommunen vil IKKJE løyse utfordringane til Vestsidevegen. Det er berre ein gangveg langs dagens veg, som er foreslått fra ny skule på Vestsida til Skålevik skule. Mange køyrer barna sine til skulen. Svingen i Møvika har berre plass til ein bil og vil framleis vere «einvegs køyrd» med ny gangsti. Har kommunen gjort ein konsekvensutredning for korleis det smale strekket i Møvik blir dersom det er mange flere bilar som køyrer her på same tid? Har kommunen gjort nokre tankar rundt forslaga til Vestland fylkeskommune? Er ein Vestsideveg med kun ein gangsti ei framtidsretta løysing for Vestsida?

Svar fra administrasjonen kommer i neste utvalsmøte.